Eg gjekk forbi eit butikkvindu i Oslo i går, der såg eg eit armeband som eg fekk lyst på. Så eg laga eit tilsvarande i går kveld. Eg gler meg til å ta det i bruk
Eg såg nokre fine påskeegg på Panduro i går, og bestemte meg for at eg ville lage noko lignande. Her er resultatet, ikkje heilt som dei på butikken, men nesten. Eg tykkjer at dei vart fine.
Eg ville gjere det litt kosligare på kjøkkene, kjøkkene mitt er kjedlig og blått. Så eg tok ein pakke med tre billig rammer frå Ikea, eg malte dei blå. Etter det tok eg å festa på ein blondekant, og dermed har vi tre koselige rammer i kjøkkenet.
Eg har også prøvd meg fram med litt H2O maling, eg er nøgd med resultatet sjølv om eg må ha meir trening på teknikken. Dumt at dei som lagar H2O malinga har gått konkurs, men det er fortsatt mulig å få tak i malinga i mange hobbybutikkar.
I dag har eg, ved hjelp av min mor, sydd nokre flott putetrekk. Eg var nede på Grønland å kjøpte stoff til putene før eg drog på vinterferie, nydelige stoff med gull nyanser. Eg er nøgd med korleis putetrekka vart, og eg gler meg til å ta dei i bruk.
Eg fekk litt lyst her ein dag til å gjere badet vårt litt kosligare, derfor bestemte eg meg for å lage nokre lysestaker. Siden vi har mange middagsglas i heimen, tok eg å fjerna etiketten og all lim på glaset. Deretter tok eg ein hyssing og bandt rundt glaset og tilslutt tok eg å hengte nokre perler i hyssingen. Det er veldig enkelt, men det skapar stemning i kvardagen.