onsdag 9. november 2011

Eg vant!

Eg er mildt sagt flau. Her klarer eg i hyrten og styrten å skrive Fjeldborg feil, er det mogleg? Har lyst å grave haudet mitt ned i sanden (ikkje det at eg får det til, for no er frosten komen). Og når eg klarer å skrive navnet feil... kva trur dykk skjer da, jo eg vinn! Eg er kjempe lykkeleg for at eg vann! TUSEN TUSEN TAKK til Ingrid som driv bloggen Fjeldborg!

Eg brukar eigentleg ikkje å vinne, men denne veka er eit unntak. I helga var eg på julemesse, og trur dykk ikkje at eg vann. Eg vann boka "Martin Skomakar" som er skrive av Leo Tolstoj, eg kan nesten ikkje vente med å lese den til gutane, men eg får vel vente til adventstida.

Og sidan eg er i vinnar modus for tida, så tenkjer eg at eg skal vinne lottotrekninga i kveld, 100 millionar hadde gjort seg (trur ikkje det er sunt å vinne så mykje pengar).

I kveld har eg endeleg tatt fram hobbysakerne mine, eg har laga eit fødelsesdagskort til far min. Eg tok bilete av hobbykroken min... nyt tapeten i bakgrunn... vi orka ikkje å pusse opp soveromma og kontoret.

1 kommentar:

Anita sa...

Heeei!!!
Så kjekke blogg du har. Det e veldig lenge siden eg har vært innom denne. Men nå fant eg an igjen. Det va veldig koselig å besøga dåkk! Naomi snakke om Markus og Lukas. Håbe det ikkje blir så lenge te neste gang me ser dåkk. Savne deg!