lørdag 13. oktober 2012

Haustferie

 Då er haustferien så og sei over, og det er og sommarferien.... tida med flytting, eksamen (endeleg ferdig med å gå på skule), nye jobbar, ny barnehage har berre flydd av sted. Eg veit ikkje heilt kvar dagane har gått. No er alle kassene tømde, og vi har fått moglegheita til å puste ut etter stresset i sommar.

Vi har fått tatt oss nokre fjellturar her i området. Eg elskar fjord og fjell, og har det som plommen i egget her i Romsdalen.  Her ser man Malmefjorden i Fræna.
 Ei stor glede med å bo i Romsdalen, er at det ikkje er så lang veg heim til Ålesund, og vi har fått tatt oss mange turar hit. Bildet er tatt mot Molja, og ut mot Giske og Godøy.

Vi har og fått tid til å ta nokre turar i Moldemarka, mellom regnbygene... Stor stas å få kaste stein i vatn.
 Eit par instagram bilete, med tanke på at Silje med bloggen: Siljes blogg har ei utfordring.

Ynskjer dykk alle ei god helg!