lørdag 13. oktober 2012

Haustferie

 Då er haustferien så og sei over, og det er og sommarferien.... tida med flytting, eksamen (endeleg ferdig med å gå på skule), nye jobbar, ny barnehage har berre flydd av sted. Eg veit ikkje heilt kvar dagane har gått. No er alle kassene tømde, og vi har fått moglegheita til å puste ut etter stresset i sommar.

Vi har fått tatt oss nokre fjellturar her i området. Eg elskar fjord og fjell, og har det som plommen i egget her i Romsdalen.  Her ser man Malmefjorden i Fræna.
 Ei stor glede med å bo i Romsdalen, er at det ikkje er så lang veg heim til Ålesund, og vi har fått tatt oss mange turar hit. Bildet er tatt mot Molja, og ut mot Giske og Godøy.

Vi har og fått tid til å ta nokre turar i Moldemarka, mellom regnbygene... Stor stas å få kaste stein i vatn.
 Eit par instagram bilete, med tanke på at Silje med bloggen: Siljes blogg har ei utfordring.

Ynskjer dykk alle ei god helg!

2 kommentarer:

Anita sa...

Sååå fin natur! Hørtes ut som dåkk trives bra, det e me glade for. Håbe me får besøkt dåkk om om ikkje så altfor lenge...

Øyeblikk sa...

Så du har ei lita snuppe i magen du altså :) Gratulerer så mykje! Her har me satt strek, no more babies. Heldgvis har søskena våre tatt stafettpinnen, så i år kjem det faktisk heile tre søskenbarn til gutane våre. Og blant dei tre så er det altså ei lita prinsesse, den første prinsessa på denne sida, så det blir voldsomt stas. Du kan tru eg gleder meg til å handla inn til barselgåva!

Eg ser at de bur på mine heimlige trakter, eg budde i Sykkylven til eg var fjortis :) Jammen er det flott på Sunmøre!

Klem Eli